You are currently browsing the category archive for the ‘Uncategorized’ category.

Me fekk i oppgåve av læraren å lage eit medieprodukt og sidan skulle «forsvare» det. Med dette meinte ho at me skulle forklare grunnane til at me hadde gjort dei val under produksjonsfasen som me hadde, og sørje for at produktet vart velgjennomtenkt og verdig ein eventuell eksamen. Oppgåva finn du her.
Eg valde å lage ein informasjonsplakat til Tae Kwon Do gruppa mi, då eg kan mykje om emnet, og veit kva ein bør spele på til eventuelle sjåarar. Målgruppa mi er alle frå 10-100 som er interesserte i orientalsk kampsport.

Informasjonsplakaten min for SIL Tae Kwon Do

Eg valde ein svart/kvit fade i bakgrunnen. Dette er risikabelt, då ein slik vanleg fade er standard «8. klasse Power Point» bakgrunn. Eg risikerte likevel dette, og er svært nøgd med bakgrunnen. For å klyppe ut Erik med jamne kantar, uploda eg bilete av han og brukte ein mjuk eraser-tool med stor brush-size for å kutte rundt han, dei store bitane som vart att kutta eg bort med lasso og klipp ut. markerte eg han med boks-selection og flytta han over på plakaten i ein ny layer. Den neste layeren gikk til Sogndal, logoen. Som eg klyppte ut ved å uploada og quick-selecta, for så å berre flytte den over til plakaten. Det same gjorde eg med den raude Koreanske Kaligrafi-skrifta. (som tyder Tae Kwon Do som betyr Fot, Hand og Kunst.) Den plasserte eg slik at bevegelsen til Erik si hand og blikket hans peikar mot skrifta. Raudfargen matchar nokre små detaljar på kampdrakta hans, og er ein fin kontrast til den fargelause bakgrunnen. Til overskrifta valde eg ein stor font som skal sørgje for at eg får merksemda til mottakaren, men som likevel er ganske ydmyk og enkel. Eg ville ikkje gå med ein snirklete løkkjeskrift-font, då dette hadde gjort det overfladisk og vanskeleg å lese.
Teksten brukte eg lang tid på, og kokte den ned til det mest informative og kortfatta eg klarte, uten at det gjekk ut over informasjonen eg ville overbringe. Eg plasserte den i kvit skrift nederst til høgre, (fargen matchar drakta og er i kontrast til den svarte bakgrunnen) , då det er naturleg at mottakar rettar blikket her etter at merksemda er fanga av biletet, overskrifta og logoane. Eg plasserte det godt ut til høgre, då eg ikkje ville at teksten skulle stjele merksemd frå biletet, eller hamne i konflikt med fargane der. Dette fekk eg litt kritikk av faglærar for etterpå, då ho fortalte meg at plakatar vanlegvis kan verte litt kutta i kantane under trykking, og at dette kan fjerne nokre bokstavar. Dette var dessverre så seint i prosessen at eg ikkje kunne gjere noko med det, men sidan eg ikkje skal trykke den går det greit. I ein verkeleg situasjon hadde eg vært nøydd å gå innatt å regulere teksten. Heilt til slutt fann eg på eit catchy og kort motto for gruppa. «Tae Kwon Do – Hode, hjerte, sjel.» Dette samanfattar mykje av det me trenar på gruppa, der me ikkje berre trenar spark, men prøver å lære elevane sjølvdispilin, sjølvkontroll og sjølvtillit. Mottoet står i raud, for å skilje seg frå informasjonsteksten, og for å være klart synleg. I tillegg går det saman med den koreanske skrifta og detaljane på drakta.
Eg er svært nøgd med produktet mitt, og sjølv om teksten kunne ha blitt flytta litt mot venstre, ser plakaten bra ut, og eg trur ein mottakar hadde blitt interessert i å byrje på Tae Kwon Do i Sogndal.
Link til nettsida vår finn du her.

Me fekk ei oppgåve, der ei av valga var å lage ein animasjon om korleis to etniske grupper diskuterar korleis dei vart profilerte i media.

Eg valte denne oppgåva fordi eg aldri har laga animasjon før, og tenkte dette kunne vere ein artig utfordring. Eg fann raskt ut av verktøya på sida.

Så avgjorde eg kva slags figurar og kva slags setting eg skulle bruke. Eg tenkte eg skulle legge settingen i universet til Tv-spelet Street Fighter, då dette kunne skape nokre artige kontrastar. Eg valde karakterane Ken og Balrog, fordi den eine ser ut som ein kaukasianar, og den andre som ein nubianar.

Så byrja eg med historien, eg starta animasjonen på same måten som ein kamp i spelet byrjar, dei går inn frå sidene, og teksten FIGHT kjem inn. Plutseleg ropar Balrog (som ser ut som ein tøffing) at Ken skal vente, og byrjar å grine fordi han ikkje vil slåst. Dette er ein uventa reaksjon, og spissar interessa hjå sjåaren. Så byrjar dei å diskutere litt korleis dei vert profilerte, og dette vert understreka av små scener frå «nyhendene.» Balrog refererar til at ei gruppe etniske personar vert omtalte som mistenksomme, og vert tett oppfulgde av eit innslag om terroristar. Ken refererar til at amerikanarar vert omtalte som dumme og rednecks.

America, Fuck Yeah!

Dette er veldig sakelege argument, og kan få sjåaren til å tenkje, men eg ville ikkje avslutte heilt seriøst og kjedeleg, så eg lot dei løyse konflikten på den einaste mogelege måten. Ein dansekonkurranse. Musikken eg brukte låg inne på systema til GoAnimate og eg har brukt lyd for å understreke poeng i filmen. Den einaste som har «voice over» er eit klipp av Bin Laden som seier «Hey, loser. You suck and that’s sad.!» Dette skaper ekstra effekt i provokasjonen hans.

Eg er svært nøgd med arbeidet mitt, (filmen kunne ikkje leggast inn i posten,) og håpar me kan gjere noko liknande ein gang.

Den bloggkommentaren eg var mest nøgd med var på bloggen til Trine

Kommentaren lød som følgjer: Svært interessant at du brukar bibelske element i utkastet ditt, dette vekkjer interesse hos lesaren, og er noko alle kan relatere til (ergo så skaper du ikkje nokon informasjonskløft med teksten din 😉 ) Blir artig å sjå kva du endar opp med å skriva, men det blir nok bra. Me fekk i oppgåve å kommentera og rette om det var noko, så eg får vel seie at du kunne hatt kjeldeliste, meir konkrete definisjonar med kjeldehenvisningar, men ellers bra. Lykke til! 🙂

Me skulle samarbeida med ein skuleklasse i Kongsberg, og skrive innlegg som me skulle kommentere til kvarandre på. Dette har vert svært interessant, og har gjeve oss eit nytt perspektiv på det å skrive fagtekstar innan mediafaget. Eg har fått inntrykket at elevane der borte ikkje bryr seg 100% om bloggane sine, og ligg litt etter oss, då berre nokre få av dei faktisk er kommen forbi «utkast» stadiet. Likevel synes eg den fagelege kompetansen er god, og at det einaste som kan pirkast på er rettskriving. Eg tok hensyn til at dette var ein elev, og ikkje ein fagperson som får betalt for å legge fram forskningsmateriale.

Tjohei for blogg.

Når journalistar besøker den tredje eller fjerde verda ber dei på mykje kulturell bagasje. Som minoritetane i Noreg kan dei innfødte verte utsatt for eit «dei-me» perspektiv hjå journalistane. Det finnes tre tydelige perspektivar hjå journalistane; «Elendeperspektivet», «Fugleperspektivet» og «I-hovudet-på-reportaren-perspektivet.»

Elendeperspektivet spelar på at journalisten vert forskrekka, og dermed fokuserar på det negative i situasjonen han er i. Svolt, vald og andre fryktelege ting i landet han besøkjer overskuggar andre og kanskje meir aktuelle saker i reportasjen.

Fugleperspektivet er at journalisten kjem inn «ovanfrå» og dermed berre får eit grunnt overflateblikk på saka, og på korleis situasjonen er i landet. Det vert ikkje undersøkt grundig.

I hovudet på reportaren er som tittelen tilseier at journalisten vert droppa rett i «actionen» og ein opplever ting kun som han opplever det. Denne metoden er ofte brukt av det Amerikanske militære. Det er ikkje lett å kalle dei som skyt tanksen du sit inni i filler for «fridomskjemparar.» Her er det veldig lett å få eit einsidig syn på saken.

Alt i alt er moglegheiten for ein journalist som vert kasta inn i tumultane i eit ukjend land til å gjere seg opp ei nyansert og objektivt meining om tilværet. Dette er ei utfordring for alle i yrket, og det gjer vårt inntrykk av landa dei rapporterar frå ein heil del einsidig.

Kjeldeliste:

-Asbjørnsen, Dag. Gunn Bjørnsen. Veslemøy Kjendsli. Trude Løvskar. Geir Totland. Mediemøte 2. Aschehoug. 2007

Eg valde å skrive litt om fotografiet, og korleis det vart oppfunne. I boka Mediemøte 2 av Dag Asbjørnsen m. fl.  skriv han at «Fotografiet var i prinsippet ein kombinasjon av allereie kjende teknikkar: den eine optisk og den andre kjemisk.» (Asbjørnsen 2007, s. 134) Ut i frå dette kan det vere vanskeleg å tenkje seg at deg gjekk så lenge mellom at desse to teknikkane vart oppfunnen, og til den vart kombinert.

Dag Asbjørnsen skriv at den første teknikken var å sleppe lys gjennom eit lite hol som så vart avtegna på veggen i boksen. Denne teknikken, også kjend som camera obscura hadde vore kjend i verda sidan 400 f.Kr. Den kjemiske delen var simpelten at nokre material vert bleika av lys. (Asbjørnsen 2007, s. 134)

På wikipedia står det at den endelege teknikken med negativar ein kunne lage positive kopiar av vart oppfunnen i løpet av 1840-åra og at oppfinnaren heiter William Fox Talbot. Han fekk ein medalje for oppdagelsane sine. (http://en.wikipedia.org/wiki/William_Fox_Talbot)

Dette er i konflikt med boka, som seier han fant det opp midt på 1850-talet, men eg vel å leggje fram Wikipedia sin versjon, sidan dei hadde fleire og meir konkrete årstal. Eg har i tillegg sjekka dette opp mot andre internettsider. Der det står at han patenterte oppfinninga si i 1841 (http://www.rleggat.com/photohistory/history/talbot.htm)

Kildeliste:

(Asbjørnsen 2007, s. 134)

(http://en.wikipedia.org/wiki/William_Fox_Talbot)

(http://www.rleggat.com/photohistory/history/talbot.htm)

Det var vanskeleg å gjennomføre dette fordi eg ikkje visste kven som hadde rett, og det førte til at eg måtte sette meg inn i saka. I tillegg er det vanskeleg å skrive slik at det vert eit skikkeleg direkte eller indirekte sitat.

Kjeldene mine er korrekte fordi dei A) Stemmer øvereins, eller B) Er godkjend av det norske skulevesen.

 

Me har fått ei omfattande oppgåve i mediafaget dei tre neste vekene, me skulle fyrst lage ein liten tekst som grovt omhandla noko innanfor media, der me skulle ha heavy kjeldebruk. Så, etter oppvarminga, skulle me skrive to lengre tekstar om medieideologi og mediehistorie. ME skulle ha kjelder og kjeldeliste med i teksten. Dette er ein øvelse på å bruke kjelder i framtida. Eg har fullført begge tekstane, og er nøgd med resultatet.

EDIT: Albertine har tydelegvis ikkje fått teksten om ideologi, skal leite etter den på data og minnepinnar.

EDIT: Finner ikkje teksten, ganske irritert no.

Me har fått i oppgåve å vere pressegruppe for Eshowekomiteén. Me har ansvar for at hendinga vert lagt merke til og dekka av lokale nyheitskanalar. Me har og ansvar for å lage ei facebookgruppe om dette. Me har jobba godt med prosjektet og komme i mål med det me skulle gjere. Lokalavisa vart varsla, og fortald kva ho kunne lage slags sak av dette, og har vist interesse for ikkje berre å lage ein annonse, men for å komme å dekkje den Internasjonale Dagen. Facebookgruppa me laga var oversikteleg, og inneheld bilder og info som danna sympati for Eshowe.

Me ar også laga og skal går med Tskjorter der det står «Eg ❤ Eshowe» . Me kunne hatt meir tid, då litt av produktet vart kasta saman i hui og hast, men ikkje noko å gjere der.

Eg er svært nøgd med det me har gjort, og trur Internasjonal Dag vert ein begivenheitsrik dag med masse intrykk og fine minner.

Tenkte fyrst me skulle spora opp Liv Signe sjølv, men etter litt vidare brainstorming enda me på dette.
Veldig nøgd med resultatet, den smalnande vegen formar in ståande trekant, som symboliserar tryggleik. Dei grøne omgivnadane symboliserar liv og fruktbarheit, og at SP kan utrette noko, og få fart i prosessen for å forbetre vegstandarden, som i sin tur gjer Vestlandet meir tilgjengeleg og effektivt.

Medverkande: Therese Solbjør Wathne, Bjørnar Hegg-Lunde og Trond Schøyen Høgi

IMG_3796(2)

Første blogginnlegget, og filmen eg viste på framsyninga mi.

Me skulle ha framsyning om ein medieopplevelse me hadde hatt i det siste, det vera eit kjendismøte, radiointervju eller liknande. Eg tenkte med ein gong på filmproduksjonen eg hadde vore med på i sommarferien, og valde å vise fram «Sleep Fighting» av Daniel Volle. Det er ein slags noir-film, der ein ung gut reiser på fest med kjærasten sin, og ho er utro med verten av festen. Guten vert frå seg, og ein drøymesekvens følgjer der han og verten utkjempar ein brutal kamp om kven som har retten på jenta. Guten vinn, men misser litt av seg sjølv i kampen, dette er symbolisert ved at klesfargen hans endrast. Guten vaknar dagen etter, og er omtåka og dårleg. Han går ein tur, og hamnar på samme plassen som han drøymde om. Denne gongen slest han imidlertid ikkje med verten, men kimsar av det heile. På denne måten er han «the bigger man» og vinn prinsipielt.

Eg er svært nøgd med denne medieopplevinga, og imponert over Daniel Volle sin filming og redigering.